- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
RAPPORTAR FRÅ RANDSONENE

Av:
Margunn Vikingstad

349.00

Tips en venn om denne boka:









RAPPORTAR FRÅ RANDSONENE

ÅTTE ESSAY OM SAMTIDSLITTERATUR

Forlagets omtale:

Forteljing skjer alltid på ein bestemt stad, i eit hus, i eit rom, skriv den franske forfattaren Marguerite Duras, ei innsikt som ho spinn vidare på; at det stadbundne ikkje berre gjeld det å skape, å skrive, men òg korleis ein skal leve, at òg der handlar det om at det skjer ut frå ein stad. I essayet «Tvetydighetens etikk» skriv den franske fiosofen og forfattaren Simone de Beauvoir om korleis vi forvaltar fridommen vår og peiker på at det vi gjer som frie individ, vala våre, påverkar andre - og det må vi ta ansvar for. Som ho skriv: «Våre friheter støtter hverandre lik steinene i en hvelving, men det er en hvelving som ikke holdes oppe av noen søyler.»Forfattarane i denne essaysamlinga tematiserer og utfordrar på ulike måtar førestillingane våre om fridom - og at dei skriv frå ulike randsone. I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit. Slik kan somme av bøkene lesast som ein spreiingskorridor, til dømes Sara Stridsbergs og Inger Bråtveits bruk av levd liv og verk i litteraturhistoria når dei skriv sin eigen litteratur eller måten Jon Fosse skildrar liv i randsona mellom dei levande og dei døde, mellom det mytiske og det realistiske - og det kan òg opne nye perspektiv i lesinga av Geir Gulliksens mange portrett av mennesket som forsvinn heilt for seg sjølv i samspelet med andre.

Kva kan skje i litteraturen i ein slik grøn korridor. Er det for eksempel ein stad der forfattaren skriv seg fri frå sine førelegg i eigen litteratur? Er det ein stad der den litterære fantasien har særskilt gode vekstvilkår? Og er denne randsona ein stad der så vel fridom og einsemd som død kan skildrast på sitt mest truverdige?

Utgivelsesår: 2021
Forlag: Pelikanen Forlag
Innbundet: nei
Sidetall:
Isbn nr.: 9788283831054
Språk: NO

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.