KJØP DEN NÅ!
OMSTART

Av:
Reidar Almås

350.00

Tips en venn om denne boka:









OMSTART

FORSLAG TIL EIN NY LANDBRUKSPOLITIKK

Reidar Almås er professor og nestor innan norsk landbruksforskning. I denne boka gir Almås ei lettfatteleg innføring i den norske landbruksmodellen, med tollvern, marknadsregulering i regi av samvirke, jordbruksavtale, landbrukslover og utjamning mellom små og store bruk over heile landet. Almås har lenge vore ein varm forsvarar av den norske landbruksmodellen, men nyleg andra han syn. Norsk landbrukspolitikk, slik vi kjenner den, er ikkje til å berge. Vi treng noko nytt. Vi treng ein omstart, ein omstart verken dagens regime i landbruks- og matdepartementet eller dei norske landbruksorganisasjonane synest å vera i stand til å sette i gang.
Gras som veks på grasmyr, i lier, skog og fjell berre med hjelp av vtan, sollys og fotosyntesen er den sikraste grunnrenta i norsk landbruk som vi berre haustar halvparten av med dagens landbruksmodell. For å auke norsk matproduksjon på fonrybare, lokale ressursar presenterer Almås ein alternativ landbrukspolitikk, der han foreslår radikalt nye verkemiddel som vil flytte på 2 av 14 milliardar av i overføringane. Med sine forslag og verkemiddel vil Almås få til eit sporskifte med tre store endringar:
1. Ein større del av den norske matproduksjonen skal baserast på norske ressurar.
2. Ein større del av foret til dei drøvtyggande husdyra skal koma frå utmark og kulturbeite, der dyra sjølve kan hauste foret til låge kostnader.
3. Det må koma ei ny regional arbeidsdeling i norsk landbruk, der meir av kjøttproduksjonen blir kanalisert dit foret og spreiareala for husdyrgjødsel finst.

Denne boka vil vera ein brannfallek i norsk landbrukspolitisk debatt. Den er eit forsøk på å skape ein arena med ein høgare himmel over debatten om norsk matproduksjon, og samtidig eit varmt forsvar for eit allsidig, lønsamt og berekraftig landbruk for framtida.

Reidar Almås er sosiolog og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk. Almås er også en aktiv kronikør og samfunnsdebattant. Almås er seniorforskar ved Norsksenter for bygdeforsking, som han bygde opp frå starten i 1982.

Utgivelsesår: 2016
Forlag: Snøfugl
Innbundet: ja
Sidetall: 196
Isbn nr.: 9788270834914
Språk: NO

Emneord:
Politikk

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.