,

FELATUN BEY OG RAKIM EFENDI

Forlag: Skald

Utgitt: 2020

217 sider, Innbundet
ISBN: 9788279593102
kr279.00

På lager

Beskrivelse

«Felâtun bey og Râkim efendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt.
For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkim efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.

Vi gratulerer Gunvald Axner Ims med kritikerprisen for beste oversettelse 2020! Fra juryens begrunnelse: «Boka er ironisk, munter og småfrekk, men syner og fram konfliktar. Ims nytter i si spretne og energiske omsetjing eit spekter av kraftfulle og folkelege vendingar. Resultat er ei norsk bok der 150 år gamle karakterar og omstende vert særs levande».

Tilleggsinformasjon

Språk

Norsk

Forlag

Innbinding

Innbundet

Forfatter

,