- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
SOGA OM GEIRMUND HELJARSKINN

Av:
Bergsveinn Birgisson
Jan Ragnar Hagland (Oversetter)

369.00

Tips en venn om denne boka:









SOGA OM GEIRMUND HELJARSKINN

Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen. For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men det finst inga soge! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg her ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!

Birgisson fortel her i eit forord om då han i 2014 vart kontakta av ein islandsk venn og kollega som hadde gjort eit sensasjonelt funn blant nokre avlagde dokument i det islandske nasjonalbiblioteket. Ein kopi av eit skinninnbunde handskrift frå eit no forsvunne kloster på Vest-Island, som gjev seg ut for å vere nettopp denne manglande soga  – og med det ei av dei tidlegaste innan soge-sjangeren og om mannen som vert sagd å vere den mektigaste av alle i Islands eldste historie.

Viss det heile då ikkje er eit plagiat og eit falsum….

Soga om Geirmund Heljarskinn vert her lagd fram og kommentert av Bergsveinn Birgisson og er omsett frå norrønt av ein av våre fremste sogeomsetjarar, Jan Ragnar Hagland.

Utgivelsesår: 2016
Forlag: Pelikanen Forlag
Innbundet: ja
Sidetall:
Isbn nr.: 9788293237754
Språk: NO

Emneord:
Romaner
Pelikanen

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.