Av:
Sigri Sandberg
Denne er utsolgt. Send oss en e-post så kan vi se om vi kan hjelpe deg likevel.
Tips en venn om denne boka:
Vinteren i Norge er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever?
Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.
Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?
Sigri Sandberg (f. 1975) har jobba for fleire av dei sentrale norske media i over tjue år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive femten bøker om natur, friluftsliv, klima og polare strøk.
Utgivelsesår: 2019
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 156
Isbn nr.: 9788252197914
Språk: NO
Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.
Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.
Les våre betingelser.
Vi godtar
Eller vi kan sende faktura.