- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
KOMMUNION 2017

Av:
Leif Høghaug

279.00

Tips en venn om denne boka:









KOMMUNION 2017

Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein
diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det
mogleg å vekkje han opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas
messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid.


«Kommunion 2017» blir til i spennet mellom lyrikk og prosa, elegi og humor, dialekt og
skriftspråk, og som heilskap framstår boka som ein samtale med ei rad messianske forfattarar:
Marx, Luther, Dante, Shakespeare, Lenin, Hölderlin, Yeats, Joyce … Og kan hende er
Shakespeare den aller viktigaste samtalepartnaren. I «Kommunion 2017» finst det ei rad
referansar til «Hamlet». Mellom anna blir Sovjetunionens fall samanlikna med gamle kong
Hamlets fall. Og gong på gong kjem attergangarane inn i biletet ...
Korleis snakke om fellesskap? Mellom anna ved å rette merksemd mot fleirtalsformene. I
«Kommunion 2017» er det tale om «dei» og «dom»; om «vi», «me» og «oss». Men kven er
alle desse? Viser «dei» til den same gruppa som «dom»? Eller handlar det her om to ulike
grupper, som kan hende er i konflikt med kvarandre? Og tilsvarande «vi», «me», «oss»: Den
same gruppa, eller heile tre ulike? «Kommunion 2017» svarar ikkje på desse spørsmåla. Men
ved å setje fleirtalsformene på spel, vil boka ta lesarane med inn i ei verd der dei (eller dom?)
heile tida må forholde seg til spørsmål om fellesskap – spørsmål som framleis har noko med
ordet «kommunisme» å gjere …


Leif Høghaug (f. 1974) debuterte med diktsamlinga «Fama» i 2012. Han har omsett Marx’ og
Engels’ «Det kommunistiske partis manifest» og han arbeider med ei komplett omsetjing av
James Joyces «Finnegans Wake».

Utgivelsesår: 2017
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 108
Isbn nr.: 9788252194913
Språk: NO

Emneord:
Lyrikk

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.