- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
ECHO MOUNTAIN

Av:
Anna Kleiva

379.00

Tips en venn om denne boka:









ECHO MOUNTAIN

FORTELJINGAR FRÅ L.A.

Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008–2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat. 

Echo Mountain handlar om byen som draum, myte og fiksjon, men også om jakta på kva slags stemmer, historier og realitetar som skjuler seg under den glitrande overflata. Det er ei bok om å ha ein kjærleiksaffære med ein by, om tiltrekking og utstøyting, men også om å betrakte og skildre: Korleis fortelje om det som er skiftande og fullt av motsetningar, som ikkje lèt seg fange eller avgrense?

Anna Kleiva kombinerer forteljande, sansande og essayistisk språk på ein eigenarta måte, og viser byen som natur og konstruksjon, jungel og maskin: Echo Mountain er eit flettverk av tekster om byen slik den blir sett frå fjellet, ørkenen, motorvegen eller Downtown, og slik den møter oss i litteratur, poesi, film, folklore og musikk, i kulturen og historia. 

Det er ei rik og mangslungen bok, dels inderleg og subjektiv, dels undersøkande og analytisk, tvers igjennom fascinerande og klok. Boka er illustrert med fotografi av Yngvild Gotaas Torvik.

Utgivelsesår: 2018
Forlag: Oktober
Innbundet: ja
Sidetall:
Isbn nr.: 9788249519644
Språk: NO

Emneord:
Romaner

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.