- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
LIV ANDRE HAR LEVD (PB)

Av:
Edvard Hoem

199.00

Tips en venn om denne boka:









LIV ANDRE HAR LEVD (PB)

Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine. Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra. Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending. I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar - for å vinne tilbake det han har tapt. «Liv andre har levd» er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?

Utgivelsesår: 2018
Forlag: Oktober
Innbundet: nei
Sidetall: 504
Isbn nr.: 9788249519385
Språk: NO

Emneord:
Romaner

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.