- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
SYNG MIG HJ�M

Av:
Edvard Hoem

449.00

Tips en venn om denne boka:









SYNG MIG HJ�M

BJ�RNSTJERNE BJ�RNSON 1890-1899

Tredje bind av Hoems Bjørnson-biografi.

Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at dei store kampsakene han hadde slåst for sidan ungdommen framleis ikkje hadde vunne fram. Venstre var splitta i to parti, og Høgre hadde overtatt regjeringsmakta. Bjørnson måtte ut på vegane igjen.

På heimefronten var det dramatiske tider, Karoline vart meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse frå Jenny Sandberg skapte alvorleg usemje mellom ektefellene. Eit lyspunkt var det at gudsonen Sigurd Ibsen tok kontakt og vart ein viktig politisk samtalepartnar for Bjørnson, og han gifte seg med Bjørnsons dotter Bergliot. Samtidig forelska Bjørnson seg i pianistinna Erika Nissen, som han hadde kjent i tretti år. No innleidde Erika og han ein hekstisk kjærleikskorrespondanse som i denne boka blir referert og sitert for første gong.

Bjørnson-barna gjekk til opprør og fekk slutt på affæren. Paradoksalt nok kom den avbrotne romansen forfattaren og avispolemikaren Bjørnson til gode. Tre års opphald utanlands for å koma unna skandale og strid, opna auga hans for dei store internasjonale stridsspørsmåla, fredsspørsmålet, spørsmålet om terrorismen som politisk strategi og rettsprosessen mot den franske offiseren Alfred Dreyfus. Frå utlandet skreiv han glitrande analysar i internasjonale aviser. Samtidig greip han kraftfullt ordet for Norges sak i den tilspissa unionsstriden med Sverige.

Teaterstykka Over Ævne II (1895) og Paul Lange og Tora Parsberg (1898) førte igjen namnet hans ut på dei europeiske scenane. Året 1899 tona ut med opninga av Nationaltheatret, der Bjørnson sat saman med Henrik Ibsen på første losjerad. I ein siste stor artikkel til fordel for Dreyfus avdekte Bjørnson røtene til antisemittismen, som han karakteriserte som ei gift for Europas folk.

Utgivelsesår: 2011
Forlag: Oktober
Innbundet: ja
Sidetall: 669
Isbn nr.: 9788249508556
Språk: NO

Emneord:
Biografi

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.