Maria Parr har fått mange gjæve prisar for sine hjartevarme, humoristiske og kloke bøker, blant anna Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar.
Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.
Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm historie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.
Utgivelsesår: 2023
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 196
Isbn nr.: 9788234011450
Språk: NO
Emneord:
Barn- og ungdom
Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.
Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.
Les våre betingelser.
Vi godtar
Eller vi kan sende faktura.