Bukk & Sigd er ei bok om alt poesien kan vere.
Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor lever eg nett dette livet? Svaret finst kanskje i forteljingane om eit syskenpar, Bukk & Sigd, som ikkje får vere saman.
Bukk & Sigd er eit resultat av Martin Ingebrigtsens arbeid som poet og gjendiktar og virket hans som skrivelærar gjennom fleire år. Det er ei bok som vil inspirere og engasjere alle som elskar litteratur med sine rike perspektiv og store spenn.
Utgivelsesår: 2023
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 149
Isbn nr.: 9788234010491
Språk: NO
Emneord:
Lyrikk
Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.
Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.
Les våre betingelser.
Vi godtar
Eller vi kan sende faktura.