Oppgjer med morsrolla.
Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt første barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillige inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg aleine om dette enorme nye ansvaret. Ho blir ramma av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vere seg sjølv og det å vere mor blir motsetningar, og korleis det å skrive og vere mor samstundes blir umogleg. Likevel er det å skrive heilt nødvendig.
Olga Ravn er ein av Danmarks leiande samtidsforfattarar, og med «Arbeidet mitt» går ho lenger i samfunnskritikken sin enn ho har gjort før. Dette er ein roman med prosastykke, dramatikk, dikt, dagboksnotat og journalskriv om den eineståande og grunnleggande eksistensialistiske erfaringa det er å setje barn til verda - ei bok om fødsel, barsel, husarbeid, fødselsdepresjon, katastrofetankar og shopping.
Olga Ravn fekk Politikens litteraturpris for romanen i 2020.
Utgivelsesår: 2022
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 429
Isbn nr.: 9788234006197
Språk: NO
Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.
Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.
Les våre betingelser.
Vi godtar
Eller vi kan sende faktura.