- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
EIT HEMMELEG LIV

Av:
Sigrun Slapgard

349.00

Tips en venn om denne boka:









EIT HEMMELEG LIV

SPESIALAGENT OG SPANIAFRIVILLIG WILHELM HOLST

Forlagets omtale:

Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.

Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy.

Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie.

Utgivelsesår: 2020
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 367
Isbn nr.: 9788234002571
Språk: NO

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.