- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
DRIKKEVISER FRA PARIS

Av:
Anna Kleiva

279.00

Tips en venn om denne boka:









DRIKKEVISER FRA PARIS

I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga Drikkeviser frå Paris er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.

Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.

Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft – dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.

Drikkeviser frå Paris er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.

Utgivelsesår: 2016
Forlag: Oktober
Innbundet: nei
Sidetall: 74
Isbn nr.: 9788249516520
Språk: NO

Emneord:
Lyrikk

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.